page view image

Line Dybedal duo til Kjellarhuset, Svanøy

Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman til noko heilt unikt. Line Dybedal duo malar sterke og levande bilete med musikken som lerret og teksten som pensel. Med si varme og klåre stemme, akkompagnert av funklande gitartonar frå Mathias Marstrander, tek ho deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi med tekstar der havet og naturen stiller sterkt.

Informasjon
event image

Musikken til Line har vore mykje spelt på både NRK P1 og P3, og hennar album har fått strålande kritikk – med terningkast 5 og 6 frå begeistra anmeldarar. I 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), der juryen hylla hennar sterke musikalske identitet og unike evne til å fange kjensler i musikken.

Med hennar nære og ærlege tekstar, kombinert med ei stemme som varmar hjartet, inviterer Line Dybedal duo deg til ei stemningsfull konsertoppleving i vakre omgjevnader på Kjellarhuset, Svanøy Hovudgård.